Artikkel:

Stillingsutlysing Burger Queen

Vi søkar ein energisk medarbeidar til vårt utsalsstad i Storgata.

Vi søkar ein fleksibel, serviceinnstilt og energisk medarbeidar til Burger Queen i Storgata. 

Vi betraktar våre medarbeidarar som familiemedlemmer. Det er veldig viktig for oss i Burger Queen at du trivst i jobben. Men ein jobb hos oss tyder hardt arbeid, høgt tempo og mykje engasjement. Vi er stolte av å vere den første arbeidsgjevaren for mange unge menneske, og dette er noko vi tar på alvor.

Velkommen til ein lærerik og spennande jobb som vil gje deg minner og erfaringar for livet!

Vi søker:
Du som er glad i å selje, og gjerne kan vise til gode salsresultat.
Du som har høg arbeidsmoral, og ikkje er redd for ein utfordring.
Du som er imøtekommande og kan kommunisere med alle typar menneske.
Du som er serviceinnstilt og positiv.
Du som liker å jobbe i team, men som òg jobbar sjølvstendig.

Om bedrifta:

Burger Queen er ein amerikansk kjede med hurtigmatrestaurantar. Den første restauranten, kalla Insta-Burger Queen vart opna i 1953 i Jacksonville i Florida. Den første restauranten tilhøyrande dagens selskap vart opna i 1954 i Miami i Florida. Vi ville servere god, prisgunstig mat av høgste kvalitet i eit triveleg miljø. Den første norske Burger Queen-restauranten opna dørene sine på Karl Johans gate i Oslo i 1988. 

Ønsker du å bli ein av oss? Lever søknaden din her.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."