Artikkel:

Kva betyr livslang læring?

Du blir aldri ferdig utlært, sjølv når du er ferdig med utdanninga di. Det kallast livslang læring.

Før var det vanleg å lære seg eitt yrke, for så å jobbe med det resten av livet.

­­­­­­

Nå er det vanleg å få kurs og moglegheiter for meir utdanning gjennom jobben, slik at du lærer noko nytt heile tida mens du er i arbeid. At vi lærer gjennom hele livet kallast for livslang læring. Grunnen er blant anna at teknologien og samfunnet endrar seg så fort at vi er nøydd til å lære oss ting undervegs for å kunne gjere ein god jobb. 

Tvungen læring

Du kan bli tvungen til å lære deg noko nytt. For eksempel kan dei som jobbar i oljenæringa måtte gå på skole igjen etter kvart som det blir færre jobbar i olja. Dei kan for eksempel ta eitt år lærarutdanning slik at dei kan bli realfagslærarar. Eller ta andre mindre kurs for å kunne brukast til andre typar jobbar. 
 
Det kjem stadig ny forsking. I for eksempel medisin bringar forskinga med seg ny teknologi og nye arbeidsmetodar. Når yrket ditt endrar seg må du oppdatere deg fagleg for å henge med.

Sjølvvald læring

Det er òg vanlegare å skifte jobb nå enn før. Enten ved at du skifter bedrift eller organisasjon som du jobbar for, eller at du bytter til ein helt annan jobb. Du kan få opptil fleire sjansar til å endre yrket ditt i løpet av livet.

LÆRING PÅ ULIKE MÅTAR

Læring betyr å skaffe seg kunnskap, eigenskap og haldningar. Det finst ulike måtar å lære på.

Formell læring er den organiserte utdanninga som skjer innanfor det formelle utdanningssystemet. Det vil si grunnskole, vidaregåande opplæring, universitet- og høgskole eller fagskole, folkehøgskole eller annan utdanning.

Her kan du lese meir om det norske utdanningssystemet (obs: finst òg i nynorsk versjon)

Uformell læring er når du tar til deg haldningar, vurderingar, ferdigheiter og kunnskap gjennom daglege aktivitetar. Dette kan for eksempel vere saman med familie og venner, eller gjennom media. Her lærer du utan at læringa er planlagt eller bevisst!

Ikkje-formell læring er organisert læring utanfor det formelle utdanningssystemet (formell læring). Dette kan for eksempel vere gjennom kurs, organisert utdanning i organisasjonslivet, frivillig arbeid eller ein internasjonal utveksling. Her lærer du gjennom frivillig og aktiv deltaking.

Kilde: Aktiv Ungdom

Diskuter i klassen

Har du eksempel på nokon du kjenner som har skiftet jobb og yrke? Eller som vart nøydd til eller sjølv valde å studere vidare etter at dei eigentleg var ferdige med utdanninga si? Synes du det er positivt eller negativt å lære gjennom hele livet? Del det med resten av klassen!

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."