Artikkel:

Entreprenørskap og gründerverksemd

ingressfoto_grunder.jpg

Et team av to unge menn og en ung kvinne ler og gir hverandre high five rundt et stort bord på et kontor.

Her får du forklaring på kva orda gründer og entreprenør betyr, og kva som krevjast for å bli det.

Har du tenkt på at du kanskje har vore gründer sjølv allereie? Å selje vaflar, saft eller teikningar i gata di er ein slags gründerverksemd. 

Du må altså ikkje starte eit stort selskap for å vere gründer eller entreprenør. Det er du nemleg også om du for eksempel startar ein butikk. 

Start med forretningsidé

Først må du ha ein forretningsidé. Det er eit forslag til eit produkt du kan lage, kjøpe inn eller selje. Produktet kan vere ein vare eller ein teneste. Å selje ein teneste vil si å gjere noko for andre mot betaling. For at forretningsideen din skal lykkes må den ha et marknad, det vil seie at mange nok må vere villig til å betale for det du skal selje til at det blir lønnsamt.

Eksempel på forretningsidear

– Du kan finne opp et nytt produkt

– Du kan finne ein betre versjon av noko som allereie finst

– Du kan ta betalt for å hjelpe andre med å få noko gjort eller ta betalt for å gi råd

– Du kan finne ein smartare eller betre måte å gjere ein arbeidsprosess på

– Du kan gjere noko som nokon allereie gjør, men på ein billigare og meir effektiv måte

– Du kan selje noko som har høgare kvalitet enn det andre sel

Nye gamle idear

Så korleis lykkes? Vi er sju milliardar menneske i verda. Det meste du kjem på av idear er allereie funnet opp. Men verdas første søkemotor heit Wandex, ikkje Google. Og verdas første mobiltelefon kom på midten av 1950-talet, og heit ikkje iPhone. 

Kva for søkemotor bruker dykk i klassen? Kor mange bruker iPhone?

Sjølv om Google og iPhone ikkje var først, er de likevel svært populære i dag. Dette viser at det å komme opp med ein ny idé ofte ikkje er det viktigaste. Det kan halde å lage ein betre løysing enn det som allereie finst.

Se video om nokon som testa ut om det å gjere ein vanlig trapp meir morosam kunne få folk til å velje den i staden for rulletrappa. 

Overskot

På lang sikt må du tene meir på å selje det du lager enn kostnadene du har ved å lage det du skal selje. Ofte tar det fleire år før bedrifta tener meir enn den bruker, det vil si kjem i overskot. Du må skaffe finansiering i den tida det tar før bedrifta blir lønnsam. Dersom ikkje vil bedrifta gå konkurs, det vil si går tom for pengar.

Korleis få nok pengar til å starte

Nokre nystartede bedrifter går med overskot frå starten. Men de fleste har høgare utgifter enn inntekter i mange år før de er lønnsomme. I denne perioden er det lurt å starte i det små og halde utgiftene nede. Gründerane som starta selskapet Apple arbeidet mykje i ein garasje for å spare utgifter. Måtar å få finansiering, altså pengar, på:

– Låne pengar. Nokre låner frå investorar. Investorar er nokon som har tro på ideen din og støtter deg med pengar. Det er mange personar og selskap som leter etter gode forretningsidear de kan satse pengar på. Investorane vil vanlegvis få ein andel av eigarskap i bedrifta, slik at de tener pengar dersom selskapet tener pengar i framtida.

– Du kan også søke om pengar frå Innovasjon Norge.

Får du seld dette?

Du må sjekke om du har lov til å selje eller produsere det du har tenkt. Dersom du har funnet opp noko må du sjekke om nokon har ein patent på det same.

Sjekk om det du har tenkt å selje eller produsere krev ein spesiell tillating, søknader eller ein bestemt utdanning. Dersom du skal drive ein bensinstasjon med verkstad og matservering må du for eksempel ha ein ordentleg dør som kan lukkes mellom verkstaden og kjøkkenet. Sjølv ein kontorverksemd stiller strenge krav til brannsikkerhet, arbeidsmiljø og forureining.

Opprette bedrift

For å kunne ta betalt for varene eller tenestene du sel må du først velje ein organisasjonsform og så registrere bedrifta i Brønnøysundregistra.

Les meir om oppstart og registrering av ein bedrift på Altinn.no. 

Utdanningsløp

Sidan det å vere gründer betyr at du for eksempel har laget ny teknologi eller starta et føretak, er det ikkje ein beskyttet tittel. Det vil si at alle kan bli det utan å ha ein spesiell utdanning. Derfor er det ikkje noko bestemt utdanningsløp for å bli gründer. Det er likevel enklast å lykkes innanfor et fagfelt du er god på.

Ein som kanskje har studert innanfor eller jobba i olje- eller IT-bransjen vil lettare klare å utvikle et nødvendig produkt enn nokon som står på utsiden. Ein frisør med fagbrev vil typisk starte ein frisørsalong, mens ein økonom startar et revisjonsselskap. Det finst også innovasjonsstudium som kanskje kan hjelpe deg litt på veg. Ved å følge Innovasjon Norge på Facebook kan du følge med på ulike kurs som de holder.

 

Lese meir?

På Gründerbloggen og Dagens Næringslivs gründerside kan du lese meir om det å vere norsk gründer. Her kan du også lytte til ein podkast for gründerar. Gründer har også ein egen yrkesbeskriving på utdanning.no.

Kva betyr entreprenørskap og gründerverksemd?: 
  • Ein gründer er ein person som har starta ein bedrift eller et føretak. Ein person som opnar et vaktmesterfirma er ein gründer på same måte som Mark Zuckerberg som starta Facebook.
  • Entreprenør betyr to helt forskjellige ting. Enten et selskap som styrer byggeprosjekt, eller synonym for gründer. I Noreg forbind vi ordet med byggebransjen.
  • Entreprenørskap betyr vanlegvis det same som gründerverksemd, det vil si å etablere bedrifter.
… frå gründermunn: 

«Dersom du trur du kan klare det, eller trur du ikkje kan klare det – så har du helt rett!»

– Inger Ellen Nicolaisen, gründer og grunnleggar av Nikita Hair (originalt sagt av Henry Ford).

Å vere gründer … : 

… handlar om å skape noko og selje det. Det kan vere alt frå ein nettside, ein app, ein teknisk del til oljeindustrien, et bakeri eller ein butikkjede. Også REMA 1000 starta som éin enkelt butikk, Odd Reitan opna REMA i Trondheim i februar 1979.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."