Artikkel:

Bygge karriere med sosiale medium

Lær korleis du kan bruke sosiale medium for å søke jobb eller bygge karriere.

Blogg

Mange har slått seg opp som influencere ved å starte som bloggere, men blogging høyrer til ikkje berre rosabloggerne. Ved å starte ein blogg kan du gjere deg sjølv kjent i ulike bransjar. Kva er du opptatt av? Kva er du god på? Ønsker du å bli make up-artist, litteraturvitar eller konditor? Da kan du skrive om det og på den måten bruke blogg-mediet til å bygge karriere. 

Du må derimot ha ein plan. Dersom du drøymer om å bli forfattar, får du ikkje karriere som det ved å vise bilde av dagens outfit. Da bør bloggen din kanskje heller vise kven du er som forfattar, med tekstar du ønsker å vise til verda. Jobb målretta!

Karriereplanleggeren: Det er aldri for tidleg å starte å planlegge sin egen karriere.

Instagram

Dersom du vil dele bilde men ikkje skrive så mykje, kan kanskje Instagram passe betre for deg enn blogging. 

Snapchat

Sjølv om det nå finst både Facebook og Instagram stories, er Snapchat stories framleis populært. Stories og snappar opplevast gjerne meir uformelt enn tradisjonelle poster på f.eks. Instagram og Facebook, og brukast som regel til hyppigare oppdateringar.

Facebook

Nokre bruker Facebook for å leite jobb, kor de oppfordrar vennene sine til å dele innlegget.

Diskuter med naboen: Kven synest du bør bruke Facebook for å søke jobb? Kven bør ikkje? Er det noko man bør tenke på?

Du kan også bruke Facebook for å bygge ein profil og få følgene, slik som på Snapchat, Instagram, Twitter og YouTube.

LinkedIn

I Medietilsynets undersøking Barn og medium 2016 er barn og unge i alderen 9-16 år spurt kva for sosiale medium de bruker mest. Figuren under viser prosentandelar. 

LinkedIn er eit sosialt medium kor du kan føre opp din utdanning, arbeidserfaringar og andre relevante erfaringar og eigenskapar. Her knyter du kontaktar og bygger nettverk, deltar i grupper og legger ut innlegg på veggen din. 

Som du ser er ikkje LinkedIn på lista over kva for sosiale medium barn og unge bruker i denne undersøkinga. Når du skal bygge karriere på nett, må du tenke kva bransjar du vil hevde deg i, og ikkje minst kor du finn folk som jobbar i den bransjen. Med andre ord, kva for eit sosialt medium er mest nyttig for deg å bruke? LinkedIn brukast mykje i for eksempel business- og IT-bransjen. Dersom du vil jobbe innan disse bransjane, kan det vere der du bør vere mest aktiv.

Kva for ein bransje vil du jobbe i? Kor er folka i din bransje? 

YouTube

 

Kjære NRK

All rights reserved.

I 2012 søkte Michael Johnson jobb hos NRK via YouTube. 

Bruk musa for å velje ja eller nei. Det fungerer dessverre ikkje på de fleste mobilar eller nettbrett, så da må du trykke her for ja, eller her for nei.

Dette er eit eksempel på korleis du kan bruke YouTube for å søke jobb. Du kan også bruke YouTube for å bygge karriere ved å legge ut videoar om eit bestemt tema og få følgene. Tenk målretta. Vil du bli personleg trener? Da er det kanskje nyttig for deg og din karriere å legge ut videoar kor du viser treningsøvingar, men mindre nyttig å legge ut videoar kor du ryddar rommet.

Twitter

På Twitter kan du komme over ledige jobbar ved å følge bedrifter du er interessert i. Vær aktiv. På den måten får du kanskje folk til å følge deg! Mange i mediebransjen er aktive på Twitter, og ønsker du å jobbe som for eksempel journalist, fotojournalist eller kommunikasjonsrådgivar, kan dette vere eit medium for deg.

Det er mange sosiale medium. Før du vel din kanal, må du gjere deg opp nokon tankar: 
  • Kva vil du jobbe med?
  • Kva ønsker du å oppnå?
  • Kva for eit medium passar best for det?
  • Kva for eit eller kva for kanalar brukast av bransjen du vil jobbe i?
  • Du kan bli kjent for alt mogleg, men er du sikker på at du kan stå for det om ti år?
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."