Artikkel:

Akademiske grader i høgare utdanning

Bør eg ta ein bachelorgrad eller ein mastergrad? Kva for andre grader kan eg velje mellom?

Utforsk kva for grader som finst på norske universitet og høgskolar i utdanning.no si oversikt.

Høyere utdanning

All rights reserved.

Årsstudium, påbyggingsstudium og kortare studium:

Det finst mange ulike kortare utdanningar på universitet og høgskolar. Eksempel på slike studieprogram er årsstudium i idrett og påbyggingsstudium i spansk. I mange tilfelle kan eit årsstudium bli ein del av ein bachelorgrad

 

Høgskolekandidat:

Nokre få studieprogram på bachelornivå ved høgskolane tilbyr denne toårige graden. 

Bachelorgrad:

Studiet tar tre år og gir 180 studiepoeng. Eksempel er bachelor i statsvitskap, bachelor i reiseliv og bachelor i informasjons- og datateknologi.

Mastergrad:

Mastergrad tar fem år. Det er enten eit femårig samanhengande løp, eller så tar du ein toårig master etter at du har fullført bachelorgraden din. Vanlegvis veljar du ein master innan det same temaet som du har tatt bachelorgraden din i. Dersom du har tatt ein bachelorgrad i fysikk, er det naturleg at du tar ein master i fysikk eller for eksempel astronomi.

 

Doktorgrad:

Etter at du har fullført mastergraden kan du søke om å få ta doktorgrad. Dette er den høgste graden du kan oppnå i Noreg, og du får lønn mens du tar den. Vanlegvis inneber ein doktorgrad at du forskar på eit bestemt tema, og skriv artiklar om funna dine. Som regel tar det tre til fire år å fullføre ein doktorgrad.

 

Profesjonsstudium:

Studiane varer vanlegvis tre til seks år. Dei kjenneteiknast ved at dei fører til eit bestemt yrke, som berre kan takast gjennom profesjonsutdanning. Her er nokre eksempel:

Treårige profesjonsstudium: 

Gir deg ein bachelorgrad. Eksempel på slike studium er sjukepleiarutdanning.
 

Fireårige profesjonsstudium: 

Grunnskolelærarutdanningane er frå og med hausten 2017 gjort om til femårige masterutdanningar
 

Femårige profesjonsstudium: 

Studiane finn du som oftast ved universiteta, for eksempel innan fiskeri, informatikk, ingeniørfag, juss, tannlege, grunnskolelærarutdanning og samfunnsøkonomi
 

Seksårige profesjonsstudium: 

Eksempel på dette er medisin-, veterinær-, psykologi- og presteutdanning.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."