Artikkel:

Viktige omgrep i vidaregåande opplæring

Du vil bli introdusert for mange nye ord i vidaregåande opplæring. Her er ei oversikt.

I tillegg til denne ordlista finn du ei oversikt på utdanning.no som kan vere til hjelp når du skal forstå kva som er kva innan vidaregåande opplæring.
 

Utdanningsprogram

Vidaregåande opplæring består av 13 forskjellige utdanningsprogram. Fem av dei er studieførebuande og åtte yrkesfaglege. Før du begynner på vidaregåande vel du kva for av desse du vil søke på. 

Programområde

Etter at du har gått første året på vidaregåande (Vg1), vel du ein retning innanfor utdanningsprogrammet som du ønsker å gå vidare på. Denne "retninga" kallast for eit programområde. Dersom du for eksempel har valt utdanningsprogrammet helse- og oppvekstfag på Vg1, kan du blant anna velje mellom programområda ambulansefag, barne- og ungdomsarbeidarfag og helsearbeidarfag når du skal begynne på Vg2. På nokre utdanningsprogram vel du òg eit nytt programområde på Vg3.

Programfag

Programfag er faga som høyrer til utdanningsprogrammet og programområdet du vel.
 

Fellesfag

Fag som alle må ha, uansett utdanningsprogram, kallast for fellesfag. Dette er faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving.
 

Generell studiekompetanse

Generell studiekompetanse gjer deg kvalifisert til å studere vidare ved universitet og høgskolar.

Les meir om studiekompetanse.
 

Lærling

Dersom du vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram kan du bli lærling. Som lærling får du opplæring i faget ditt i ei bedrift. Det tar vanlegvis to til tre år. Når du er ferdig som lærling tar du ein eksamen som gir deg fagprøve eller sveineprøve.

Les meir om lærling.
 

Fagarbeidar

Når du har tatt fagbrev eller sveinebrev, kallast du for fagarbeidar. 

 

Finn fleire ord: 

Om du ikkje finn ordet du leiter etter, kan du sjå på utdanning.no si ordliste.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."