Artikkel:

Vidaregåande opplæring

Kva kan du velje mellom når du begynner på vidaregåande? Her får du ei oversikt.

Vidaregåande skil seg frå ungdomsskolen ved at du i større grad kan velje kva du vil lære. Du har 13 valmoglegheiter. Desse valmoglegheitene kallast for utdanningsprogramFem av utdanningsprogramma er studieførebuande. Det vil seie at du kan begynne på universitet og høgskole med éin gang du er ferdig. Åtte av dei er yrkesfaglege. Desse har meir fokus på praktiske fag.

Studieførebuande utdanningsprogram

Dei studieførebuande utdanningsprogramma tar tre år og gir deg  studiekompetanse. Studiekompetansen gir deg retten til å studere vidare på universitet og høgskolar. Du kan velje mellom fem studieførebuande utdanningsprogram:

Yrkesfagleg utdanningsprogram

Dersom du vel yrkesfagleg opplæring kan du begynne i arbeidslivet etter tre til fem år på skolen. Dei åtte yrkesfaglege programma du kan velje mellom er:

Eit yrkesfagleg utdanningsprogram fører fram til eit yrke og gir deg  yrkeskompetanse. Det finst forskjellige yrkeskompetanse. Dersom du tar utdanning i eit av dei tradisjonelle handverksfaga, får du som regel sveinebrev. Eksempel på slike fag er kostymesyarfaget, treskjerar og urmakar.

Dei fleste andre faga gir deg fagbrev. Eksempel på slike fag er fagarbeidar i betongfaget, helsefagarbeidar og elektrikar

Nokon yrkesfaglege utdanningsprogram gir deg verken sveine- eller fagbrev. Desse har ikkje opplæring i bedrift. Dei gir deg likevel yrkeskompetanse, slik at du kan begynne å jobbe etter fullført utdanning. Eksempel på dette er agronom, fotterapeut og gartnar

Yrkesfag

All rights reserved.
Ten meir med fagbrev: 
  • Stort sett tener du meir når du har fagbrev enn dersom du ikkje har det.
  • Det blir stadig større krav til utdanning i samfunnet.
Om filmane: 

 

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."