Artikkel:

Universitet og høgskole

thinkstockphotos-450745979.jpg

Tre studenter i  gruppearbeid

Korleis kjem du inn på universitet og høgskole, og kva for valmoglegheiter har du? 

På universitet og høgskolar kan du velje mellom mange studietilbod, såkalla  studieprogram. Det finst alt frå kortare kurs til bachelor-, master- og doktorgradsstudium. Nokre av utdanningane er retta mot eit bestemt yrke, som for eksempel legejuristingeniør og lærer. Andre utdanningar er meir generelle og gir deg ikkje eitt bestemt yrke. Filosofisosiologihistorie og statsvitskap er eksempel på dette. 

Før du bestemmer deg for kva du skal studere er det viktig å undersøke kva for moglegheiter for jobb dei ulike utdanningane gir deg.

Det er blant anna lurt å finne ut om utdanninga faktisk vil gje deg ein jobb når du er ferdig.
 

Generell studiekompetanse

For å komme inn på dei ulike studiane må du vanlegvis ha generell studiekompetanse. Det kan du få ved å bestå desse utdanningsprogramma:

Spesiell studiekompetanse

Nokre studium har spesielle opptakskrav. Det kan for eksempel hende at du må ha bestemte  realfag frå vidaregåande opplæring, relevant arbeidserfaring eller at du må førebu noko til ein opptaksprøve.

Dersom du veit kva du vil bli bør du sjekke opptakskrava til studiet, sidan programfaga du tar på vidaregåande er med på å avgjere om du kjem inn.

Høgare utdanning utan studiekompetanse: 

Både påbygging til generell studiekompetanse, Y-vegen, regelen om realkompetanse og 23/5-regelen er andre måtar å komme inn på universitet og høgskole.

Eksempel på spesiell studiekompetanse: 

Dersom du vil bli faglærar i kroppsøving og idrett, krevjast det at du har tatt nokon spesielle fag som kallast for "LÆRAR". Det betyr blant anna at du må få minst 3 i matte og norsk, og minst 35 skolepoeng.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."