Artikkel:

Slik søker du på vidaregåande skolar

elev_soknad_3.jpg

Gutt sitter foran pc-en sin.

Søknadsfristen er vanlegvis 1. mars, men nokre må søke innan 1. februar. Start i god tid med å finne ut kva som gjeld for deg.

Søknadsfristar

Søknadsfristen er 1. mars for dei fleste. Dette kallast for ordinært inntak. 

Nokon har òg søknadsfrist 1. februar. Dette gjeld blant anna for søkarar som har rett til spesialundervising, opplæring i og på teiknspråk eller søkarar som nyleg har komme til Noreg.

Kva for skolar kan du søke på?

Du søker på tre utdanningsprogram og skolar i fylket du bor i. Det er viktig at du plasserer utdanningsprogrammet og skolen du har mest lyst til å gå på øvst. Du er garantert å få plass på ein av dei tre. I mange fylke er òg postnummeret ditt med på å avgjere kva for skolar du kjem inn på. Grunnen er at ein ønsker at dei fleste elvane skal ha moglegheita til å gå på skolen dei bor nærmast. 

Du har òg moglegheit til å søke på:

Sjå oversikt over vidaregåande utdanning i Noreg

Korleis søkar du?

Du søker på vidaregåande skole gjennom vigo.no. Når du søkar må du bruke MinID. MinID er ein personleg, elektronisk ID, som gir tilgang til ulike typar offentlege tenester på nett. Nokon fylke tillèt at du søker på papir.

Vilbli.no har ei oversikt over korleis du søker på vigo.no. 

Når du har logga inn på vigo.no, må du lese instruksane nøye. Det er viktig ta du sjekkar at du har fylt inn all informasjon heilt riktig. Sjekk heller ein gang for mykje enn ein gang for lite.

Friskolar

Friskolar er private vidaregåande skolar med rett til statstilskot, og dei er godkjende etter friskolelova. 

Les meir om friskolar på vilbli.no 

Sjå oversikt over friskolar på vilbli.no

Private skolar

Det finst også private skolar som ikkje er godkjende etter friskolelova, og som dermed ikkje har rett til statstilskot. Der må elevane gå opp som privatistar. Det er ofte kostbart å vere elev ved slike skolar. 

Vilbli.no visar berre informasjon om friskolar som er godkjende etter friskolelova. 

Dersom du ønsker å gå vgs. i eit anna fylke: 

Dersom du ønsker å ta eit utdanningsprogram som ikkje finst i fylket du bor i, er det mogleg at fylket ditt kan kjøpe skoleplass i eit anna fylke. Dette skjer berre i spesielle tilfelle. I så fall må du ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt for å få meir informasjon.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."