Artikkel:

Slik skriv du jobbsøknad

Det er mykje som er viktig å ha med når du skal skrive ein jobbsøknad.

I ein jobbsøknad må du vise at du er motivert for jobben og at du har kunnskapen og eigenskapane som gjør at du passar til jobben.

Jobbsøknaden skal få arbeidsgivaren til å ønske å kalle inn nettopp deg til intervju. Det er derfor viktig å legge mykje arbeid i jobbsøknader. 

Les stillingsutlysinga nøye, og sørg for å få fram at du passar til jobben.

Dette bør søknaden innehalde:

Ein kort og god innleiing
Det er vanleg å skrive kor du såg stillingsutlysinga i den første setninga. For eksempel at du fant den på finn.no, eller såg ein lapp i vindauget på ein butikk. 

Skriv deretter kvifor du vil ha akkurat denne stillinga, og kvifor du passar til jobben. Kvifor skal dei velje nettopp deg?

Overtyde etter innleiinga
Forklar kva for erfaringar og kunnskap du har som er viktig for jobben. Dette skal få arbeidsgivar til å forstå at du er den rette personen for jobben.

Dersom du har gjort liknande arbeidsoppgåver i ein annan jobb du har hatt, skriv du det her. Det viktige er å overtyde arbeidsgivar om at din bakgrunn, kunnskap og personlegdom gjør at akkurat du kan gjere denne jobben bra.

Dersom du ikkje har hatt jobb før, kan det vere lurt å skrive at du ønsker å lære det jobben krev.

Ein kort avslutning
Si gjerne noko om kvifor du er motivert for jobben. Ta med at du kan gi meir informasjon på telefon eller intervju, og skriv når du kan begynne å jobbe. 

Husk på:
Send søknaden saman med CV og eventuelle referansar. Det er ikkje alltid dei ein ønsker å ha som referanse vil seie noko godt om deg til arbeidsgivaren. Derfor er det viktig at du spør på førehand om kva for referansar du vil få av den du ønsker å føre opp. Du treng ikkje å legge ved kopiar av vitnemål eller attestar om du ikkje blir bedt om det. Det er vanleg å ta dette med til eit eventuelt jobbintervju.

Tips til søknad: 
  • Skriv maks éi A4-side.
  • Tenk: Kvifor skal de velje deg? Kva kan du tilby?
  • Tilpass søknaden til akkurat denne jobben.
  • Skriv enkelt, naturleg og kortfatta. Dropp detaljar.
  • Pass på at du ikkje har skrivefeil, la nokre andre lese gjennom.
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."