Artikkel:

Slik skriv du CV

Ein god CV er nøkkelen for å bli kalla inn til intervju. Her er tips til korleis du skriv CV.

Kanskje du har sete i elevrådet? Vore kaptein på handballaget? Vore aktiv i organisasjon eller foreining?  CV står for curriculum vitae. Den skal vere ein kort og punktvis oppramsing av det du har gjort i livet. Bruk god tid på CV-en og tilpass den til jobben du søker.

Ein CV bør innehalde:

Personlege data
Namn, adresse, telefonnummer, mobil, e-post og fødselsdato.

Utdanning
Lag ei oversikt over skolane du går og har gått på. Start med den du nå går på. Før opp namnet på skolane, og datoen du starta og slutta på dei. Avslutt med den aller første skolen du gjekk på.

Jobberfaring
Har du hatt jobb før, for eksempel i arbeidsveka? Start med den du har nå eller den siste du hadde. Skriv deretter opp dei andre jobbane du har hatt i kronologisk rekkefølge. Det vil seie at du skriv den nyaste erfaringa først, og avsluttar med den aller første jobben du hadde. Før opp namnet på bedrifta du jobba for, kva du jobba som og tida du jobba der. Ta òg med ei setning eller to som seier kva du gjorde i jobben. Dersom du ikkje har hatt jobb før, hoppar du over dette avsnittet. 

Annan erfaring
Har du jobba frivillig i organisasjonar eller foreiningar? Har du vore elevrådsleiar, kaptein på handballaget eller vore med i ein foreining? Har du hatt politiske verv? Eller har du gjort noko anna kor du har hatt ansvar? Dersom du har førarkortet, kan det vere fint å skrive det her. 

Kurs
Har du deltatt på kurs gjennom skolen, jobben eller på fritida din? Skriv det i CV-en.

Språkkunnskapar
Kva for språk kan du? Skriv gjerne kor godt du kan dei. 

IT-kunnskapar
Kva for dataprogram kan du? Kan du for eksempel PowerPoint, Excel eller redigeringsprogram for bilete eller video? 

Fritidsinteresser
Dette er ikkje noko du må ha med, men det kan gi arbeidsgivaren eit bilde av kven du er. Kanskje har du interesser som kan vere relevant for jobben du søker? Dersom du søkar på din første jobb, og ikkje har så mykje å skrive på CV-en, er det lurt å fylle ut med fritidsinteresser og frivillig arbeid.

Referansar
Det hender at arbeidsgivar ønsker å snakke med nokon som allereie kjenner deg. Dette kallast referansar. Det kan for eksempel vere den førre sjefen, trenaren eller læraren din. Dette trenger du ikkje å skrive på CV-en, med mindre det står i stillingsutlysinga at du skal ha det med. Som regel spør ikkje arbeidsgivar om desse før etter at du har vore på intervju, men det er lurt å tenke over kven du kan spørje om å vere referanse for deg. Spør dei du ønsker på førehand om kva for referansar de vil gi deg. Dei er nemleg ikkje nøydd til å si noko fint om deg dersom dei ikkje vil, så vær sikker på at du har skrevet opp nokon som vil gi deg gode referansar.

Bilde
Det er frivillig å ha med bilde. Dersom du ønsker det, bør du velje eit bilde som viser ansiktet ditt tydeleg, frå brystet og opp. 
 

Husk på:
Du trenger ikkje å sende kopiar, vitnemål eller attestar før arbeidsgivar ber om det. Husk at du aldri må sende frå deg originale dokument, som for eksempel vitnemålet ditt.

Det er vanleg å sende søknad og CV per e-post, men sjekk kva som står i stillingsannonsen. 

Tips til utforming: 

CV-en bør:

  • vere på maks to sider
  • ha skrifttypen Times New Roman pkt. 12
  • skrivast på kvitt ark
  • sendast i word- eller pdf-format
Mal på CV: 
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."