Artikkel:

Slik får du jobb

Kva er eigentleg ein CV, og korleis skriv du ein god søknad? Her finn du tipsa du trenger til å få jobben du vil ha.

Det er mange måtar å finne ein jobb på. I jobbar som mange vil ha, som for eksempel populære butikkjobbar, gjeld det å skilje seg ut.

 
Usikker på kva du vil jobbe med? Bruk vårt Jobbkompass

 

Bruk nettverket ditt

Det første du bør gjere er å registrere deg som arbeidssøkar hos nav.no. Fortel venner og familie at du leiter etter jobb. Nokon brukar òg sosiale medium. Du kan for eksempel like bedriftene du ønsker jobb hos for å sjå om dei søker etter nye tilsette. Eller du kan for eksempel skrive i ein Facebook-status at du søkar jobb. 

 

Møt opp personleg

Ein annan metode er å skrive opne søknader med CV og eventuelle referansar som du leverer til bedriftene du ønsker å jobbe i. Har du éin bestemt bedrift du vil jobbe hos, bør du skrive søknaden slik at den er retta mot akkurat den bedrifta.

Nokre stader må du fylle inn elektroniske søknadsskjema, eller sende ein e-post. Men i andre tilfelle, som for eksempel dersom du ønsker å jobbe i ein butikk, kan det vere lurt å møte opp personleg i bedrifta. Når du går innom arbeidsplassar må du huske å presentere deg sjølv profesjonelt. Vær høfleg og kle deg pent, og be om å få snakke med dagleg leder.

 

Vær aktiv!

Vær aktiv, både når du skal søke jobb og i sjølve søknadsprosessen. Ta gjerne nokre telefonar undervegs, eller møt opp personleg. Du kan gjerne spørje om dei har bestemt seg for kven dei skal tilsetje, eller ting du lurar på om jobben.

Slik finn du ein jobb: 
  • Registrér deg som arbeidssøkar på NAV.
  • Bruk nettverket ditt og sosiale medium.
  • Sjekk aviser, stillingsbasar og lokale oppslagstavler.
  • Følg med på bedrifters og din kommunes heimesider.
  • Ta kontakt med bedrifter og send open søknad.
  • Meld deg opp hos vikarbyrå.
Søkekanalar du kan bruke: 
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."