Artikkel:

Sjefer og kjønn

Fleire menn enn kvinner er sjefer. I denne artikkelen kan du lese fleire teoriar som prøver å forklare kvifor det er slik.

Gutar og jenter har same rettar til å velje utdanning. Likevel vel vi gjerne veldig ulikt. Kjønn har mykje å si for fordelingen av makt i samfunnet vårt, sjølv om vi eigentleg har like moglegheiter til å vere med å bestemme. De fleste leiande stillingar i samfunnet vårt er besett av menn. 

Diskuter i klassen:

  • Korleis påverkar dette samfunnet vårt?
  • Er det problematisk at menn bestemmer mest, eller har det ikkje så mykje å si?
  • Kva har det å si for samfunnet at leiarane i de tre regjeringspartiene er kvinner?

Kvinner haldast igjen

Éin teori om kvifor fleire menn er leiarar, er glastak-teorien. Teorien går ut på at det finst usynlege hindene som stoppar kvinner frå å bli toppleiarar. Nokon meiner dette glastaket ikkje finst, mens andre er ueinige, dette eksempelvis innan akademia.

I 1882 fekk norske kvinner lov til å studere ved universitetet. I 2015 var framleis berre 27 prosent av norske professorar i akademia kvinner.

Diskuter i klassen:

  • Trur de teorien om glastak stemmer? Kvifor/kvifor ikkje?

Menn større konkurranseinstinkt

Ein annan teori har ein biologisk forklaring. Å klatre til topps i ein organisasjon krev ofte sterkt konkurranseinstinkt. Det mannlege kjønnshormonet testosteron bidrar til konkurranseinstinkt og aggressivitet, og et sterkare ønske om å vere på topp. 

Diskuter i klassen:

  • Trur de teorien om konkurranseinstinkt stemmer? Kvifor/kvifor ikkje?
     
  • Sjå video: Pengar og tillit (nrk.no)

    – Her får du sjå to eksperiment som viser korleis økonomi og psykologi henger saman. Det første eksperimentet handlar om tillit, og i eksperiment nummer to undersøker forskarane om det er forskjell på jenter og gutars vilje til å ta risiko.
     

Kvinner ofrer karrieren for barna

Ein tredje teori går ut på at kvinner kan ha større tendens til å ønske å bruke meir tid med barna sine når de er i småbarnsfasen, som oftast rundt 30 år. Det er også ved denne alderen ein typisk karriere gjerne skyt fart. Så dersom kvinner er mindre ivrig på å jobbe sene kveldar blir det fleire menn igjen til å ta over lederjobbene.

Diskuter i klassen:

  • Trur de teorien stemmer? Kvifor/kvifor ikkje?

Menn lager glastak for kvinner

Ein fjerde teori seier at mange menn har ein nedlatande haldning til kvinner, og synest kvinner ikkje duger. Ifølge de som støtter denne teorien oppstår det da glastak for kvinnene, som følge av menns haldningar.

Diskuter i klassen:

  • Trur de teorien stemmer? Kvifor/kvifor ikkje?

OPPGÅVER:

Sjå på fordelingane av kjønn og lønn i yrket leder.
Trykk her for lenke

Oppgåve 1: 
Kor er det størst forskjell i mengd menn og kvinner som er arbeidstakarar?

Oppgåve 2:
a) Kor mykje meir tener mannlege finans- og økonomisjefar i privat sektor enn kvinner?
b) Er det betre eller verre i kommunal og statleg sektor enn i privat sektor?

Oppgåve 3:
Kva for ei yrkesgruppe har størst forskjellar i lønn for menn og kvinner?

Diskuter i klassen:

  • Kva synest de om forskjellane?
Les meir: 
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."