Artikkel:

Realfag

Realfag er ein samnemning for naturvitskap og matematikk. 

Det du kjenner som naturfag kallast for realfag i vidaregåande opplæring, og du kan sannsynlegvis ein heil masse allereie. 

Kva er realfag?

Realfag er naturvitskaplege fag som fysikk, kjemi, biologi, geologi, astronomi og matematikk. I vidaregåande opplæring vert òg informasjonsteknologi (IT), teknologi og forskingslæring rekna som realfag. 

Når du lærer om bergarter og havstraumar lærer du geologi. Kroppen vår, naturen og dyr er biologi. Lab-øvingar er kjemi. Gravitasjon er fysikk. Realfag er læra om alt frå cellene i kroppen til universets mysterium.

Time 1 - Hva er realfag?

All rights reserved.

Realfag i vidaregåande

Realfag er eit programområde i studiespesialiserande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. På Vg2 kan du velje programområdet realfag

Realfag

All rights reserved.

Spesiell studiekompetanse

Når du har tatt studiespesialiserande utdanningsprogram får du generell studiekompetanse. Har du valt programområdet realfag kan du få spesiell studiekompetanse. Nokre studiar krev dette, som for eksempel medisin. Det varierer kva for fag du må ha for å komme inn på ulike studiar med spesielle opptakskrav.

Bruk Karakterkalkulatoren og Studieveljaren for å sjå kva for karakterar og fagkombinasjonar du må ha for å komme inn på ditt drøymestudie.

Bestill læringsopplegg: 
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."