Artikkel:

Ny i jobb

Skal du starte i din første jobb? Dette er ein guide til dine rettar og plikter i arbeidslivet.

Den kanskje største forskjellen på skole og arbeidsliv er at i arbeidslivet går fråvær og skulking av oppgåver ut over andre enn deg sjølv. På skolen er du der for å lære, og ingen må komme på skolen i staden for deg. Men i arbeid har du arbeidsoppgåver som må gjerast. I arbeidslivet må du kjenne pliktene dine, men du har også mange rettar i jobben din. 
 

Verdt å vite

  • Det finst ingen lov som seier kor mykje du skal ha i lønn. I nokon bransjar er det likevel gjort avtaler om dette. Dette kan du sjå på lønnsstatistikken under kvart yrke på utdanning.no. eller sjekke med ei fagforeining.
  • Du har krav på ein lønnsslipp som seier kor mykje du har jobba og kor mykje du får i lønn. 
  • Ei normal, norsk arbeidsveke er på 40 timar. Ungdom under 18 år har ikkje lov til å jobbe meir enn 40 timar i veka
  • Du har krav på ekstra betalt på høgtidsdagar, søndagar, kveldar og netter. Kor mykje du har krav på vil variere. 

 

Pausar og fritid

På jobb må du møte og gå til avtalt tid, og gjere jobben du har fått beskjed om å gjere. Du kan normalt ikkje ta pause når du vil, men er du under 18 år og jobbar meir enn 4,5 time dagleg, har du rett på pause i minst 30 minutt. Pausen skal helst vere samanhengande dersom det er mogleg.

 

Feriepengar og skatt

Dersom du er under 18 år skal du ha minimum fire veker ferie i året. To av desse skal vere om sommaren. Dersom du hadde jobb i fjor, skal du ha minimum 10,2 % av alt du tente utbetalt i feriepengar i år. Det vert utbetalt vanlegvis på junilønna. Dersom du ikkje tener så mykje, slipper du skatt. Les meir om frikort. Tener du meir, bruker du skattekort.

 

Dersom du blir sjuk

Dersom du blir sjuk må du seie ifrå til nokon på arbeidsplassen din så fort som mogleg. Det vanlegaste er å ringe sjefen sin. Du trenger ikkje å seie kva som feiler deg, men det er greitt å seie frå om kor lenge du trur du blir borte. Dersom du blir borte lenge, må du ha sjukemelding frå legen din.

 

Arbeidskontrakten

Har du ikkje signert arbeidskontrakt enda? Alle har rett til arbeidskontrakt. Der skal blant anna lønn og avtalt arbeidstid stå. Les grundig gjennom kontrakten før du signerer den. 
 

Å si opp jobben

Det er viktig å seie opp jobben sin skriftleg. Det er også noko som heiter oppseiingstid. Sjekk kontrakten din. Dersom det står at oppseiingstida di er éin månad, betyr det at du må fortsette å jobbe der i éin månad etter at du sjølv har sagt opp eller blitt oppsagt.

 

Problem på jobben

Lurar du på om jobben din har lov til å be deg om å jobbe lengre vakter, eller om du har rett på lengre pausar? Kanskje du lurer på om du får for lite lønn? Da kan du kontakte Arbeidstilsynet på telefon 815 48 222 eller e-post. Dersom du har problem med sommarjobben kan du kontakte LOs sommarpatrulje. Du kan òg snakke med ein voksen du stolar på, eller ta kontakt med ein fagforeining. 

Dine rettar: 
Dine plikter: 
  • Du må komme og gå til avtalt tid
  • Du må ikkje komme for seint
  • Du må seie frå til sjefen dersom du blir sjuk
  • Du må gjere arbeidet dykk har avtalt
  • Les meir her
Fagorganisering: 
  • Svært mange fagforbund har egne forbund for unge. Se på ditt aktuelle fagforbund sin nettside.
  • I ei fagforeining kan du få hjelp året rundt dersom du meiner at noko på jobben din er feil.
  • Eit eksempel på når du kan kontakte fagforeininga, er dersom du lurer på om sjefen kan krevje det som står i arbeidskontrakten din.
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."