Artikkel:

Likestillingsparadokset

brann2.jpg

Branningeniør foran en stor boligbrann.

Blir arbeidslivet meir likestilt etter kvart?

Diskuter i klassen: 

  • Trur dykk at det nå er fleire menn som veljar yrke med flest kvinner i, og fleire kvinner som veljar yrke med flest menn i enn før?

Time 4 - Utdanningsvalg og kjønn

All rights reserved.

Framleis  ikkje likt

Når gutar og jenter har like moglegheiter til å velje kva for ein utdanning dei vil ut frå interesser og evner, burde ikkje det føre til at det vart halvparten menn og halvparten kvinner i alle yrke? Men slik er det ikkje. Med unntak som medisin og psykologi, kor det nå jobbar fleire kvinner enn menn, er kjønnsfordelinga omtrent lik som for 20-30 år sidan.

Diskuter i klassen: 

  • Kvifor veljar norske gutar framleis yrke kor det er flest menn, og jenter yrke kor det er flest kvinner, når Noreg er skildra som eit av de mest likestilte landa i verda?

Sjekk forskjellane

Ved å klikke på "Alder" på utdanning.no/likestilling kan du sjå om det er store forskjellar i kor likestilt yrke er for personar som er yngre enn 40 år og de som er eldre enn 40 år. Om "Alle" er valt, vises del menn og kvinner uansett alder. 

skjermbilde.jpg

Utdanning.no´s likestillingsstatistikk
All rights reserved.

For å sjekke om eit yrke holder på å få jamnare fordeling av kvinner og menn, klikkar du først på ”Over 40”, så på ”Under 40” og samanliknar tala. Dersom prosenten av kvinner er større i eit yrke når du har trykket ”Under 40” enn med ”Over 40”, betyr det at det er fleire kvinner i yrket i dag enn det var tidlegare. På den måten kan dykk også sjekke kva for yrke som holder på å få fleire menn.

Samanlikn  sjølv

Klikk på yrka og samanlikne kor likestilt dei er for tilsette over alle med yrket, de over 40 år og de under 40 år:

  • Gull- / sølvsmed / gravør (interesse handverk)
  • Tannlege (interesse: helse)
  • Optikar
  • Veterinær (interesse: dyr)
  • Butikksjef (interesse: service)

Endres det fordi jenter er flinkare enn gutar?

I nokre yrke er det store endringar i delen av kvinner og menn. Det er gjerne yrke som krev lang utdanning. Jenter får gjennomsnittleg betre karakterar enn gutar i nesten alle fag på vidaregåande. I nokre yrke som krev gode karakterar og som har lang og krevjande utdanning, er det mange fleire jenter enn gutar som kjem inn.

Diskuter i klassen:

  • Kva for endringar vil skje når det kjem mange kvinner inn i yrke som før var dominert av menn?

Lege og sjukepleiar

Her er tre utsnitt frå utdanning.no/likestilling som viser delen menn og kvinner som er lege eller sjukepleiar.

box-image-2.png

Utdanning.no´s likestillingsstatistikk
All rights reserved.

Øvst legar og sykepleiarar som er over 40 år gamle, i midten legar og sykepleiarar som er under 40 år gamle, og nedst alle legar og sykepleiarar, uansett alder. 

 

Diskuter: 

  • Kva seier desse tala om sjukepleiaryrket?
  • Kva seier desse tala om legeyrket?
Likestillingsparadokset: 
  • Eit paradoks er noko som tilsynelatande er umogleg eller sjølvmotseiande, men som kan vise seg å faktisk vere sant likevel.
  • Eller eit paradoks kan vere noko som verkar helt ulogisk, men likevel inneheld eit snev av sanning.
  • I Noreg snakkar vi ofte om "likestillingsparadokset". 
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."