Artikkel:

Kvifor jobbe?

20140526th_2263.jpg

En avioniker, eller flymekaniker, reparerer et fly på Bodø Hovedflystasjon.

Det er omtrent 50 prosent sannsyn for at du aldri kjem tilbake til arbeidslivet dersom du har vore borte frå jobben i eit halvt år, ifølge NAV.

Viktig for deg

For det første gir ein jobb deg ei inntekt. Men det er ikkje det einaste positive du får ut av å vere i jobb. Gjennom jobben din kan du få

  • lære nye ting og utvikle deg
  • bli kjent med deg sjølv og korleis du reagerer i ulike situasjonar
  • ein strukturert kvardag
  • ei følelse av at du bidrar og er til nytte
  • betre sjølvtillit
  • ei følelse av tilhøyring
  • følelsen av at du fyller tida med noko meiningsfylt

I tillegg får du arbeidskollegaer som kanskje òg kan bli dine venner. Vi menneske er flokkdyr, og lege og professor Per Fugelli seier at flokken din er din familie, dine venner og dine kollegaer. Ei vanleg norsk arbeidsveke er 40 timar. Flokken du brukar mest tid saman med i løpet av ei arbeidsveke er arbeidskollegaene dine.

Viktig for samfunnet

Ved å jobbe bidrar du til at samfunnet blir betre ved at du for eksempel betaler inn skatt som blant anna fører til at vi har sjukehus, vegar, barnehagar, skolar og aldersheim.

Finansdepartementet lagde i 2013 ein film som forklarer det samfunnsmessige perspektivet på kvifor det er viktig at du og eg jobbar.

Arbeid trygger velferden

Lisens: 
All rights reserved.

 

Her kan du sjå jobb-bloggen til Rindé og Pernille: Er det viktig å ha ein jobb?

Kva om eg ikkje kan jobbe?

I Noreg er vi så heldige at vi har eit slags sikkerheitsnett som fangar oss opp dersom noko oppstår som gjer at vi ikkje kan jobbe. For å søke om pengar frå staten må du ta kontakt med ditt nærmaste NAV-kontor, men det er ikkje sikkert at du vil få pengestøtte før etter ei stund.

Oppfølgingstenesta: 

Dersom du er mellom 16 og 21 år og verken har jobb eller går på vidaregåande, kan du få hjelp av Oppfølgingstenesta i ditt fylke. 

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."