Artikkel:

Kva skal du bli?

Her får du nokre tips om kva du bør tenke over når du skal velje utdanning og yrke.

 1. Dine interesser og eigenskapar

  • Kva er dine verdiar og interesser?
  • Kva for eigenskapar og ferdigheiter har du?
  • Er du teoretikar eller praktikar?
  • Liker du å jobbe saman med andre eller åleine?

Kanskje kjenner du nokon som kan bidra med informasjon og råd basert på sin egen erfaring.

Det finst fleire interessetestar som kan hjelpe deg på veg.

Hvem kan hjelpe meg?

All rights reserved.

2. Utforsk dine moglegheiter

Når du har funnet nokon alternativ, kan det vere lurt å finne ut kva for moglegheiter som finst innanfor dei ulike yrka. Det kan vere mange vegar til det same yrket. Her er nokon punkt det er verdt å tenke på:

  • Korleis er arbeidsmarknaden/framtidsutsiktene for yrket?
  • Korleis er det å jobbe med det?
  • Kva for ei lønn kan du forvente deg?
  • Kva for ei utdanning må du ta for å få jobben?
  • Kva for fagkrav og poengkrav stillast?
  • Kor lang er utdanninga?
  • Kor kan eg ta utdanninga?
  • Har du lyst og moglegheit til å ta utdanninga i utlandet?

Det kan vere lurt å gå inn i denne prosessen med eit kritisk blikk. Sjølv om eit yrke er "trendy" akkurat nå, er det ikkje sikkert at det er eit yrke som passar for deg. Det er betre å følge dine egne evnar og interesser, enn å la deg presse inn i eit spor som alle følger.

På utdanning.no kan du bla i over 550 yrkesbeskrivingar med informasjon om blant anna arbeidsoppgåver, personlege eigenskapar, utdanning og lønn:

Sjå yrke frå A til Å

Du kan òg finne yrke etter interesser i Jobbkompasset:

Sjå Jobbkompasset

3. Korleis når du ditt mål?

Når du veit kor du oppheld deg og kva for eit mål du har, gjeld det å finne ut og bestemme deg for korleis du skal nå dit. Utdanning.no har oversikt over skolar og institusjonar som tilbyr utdanninga du ønsker.

Sjå utdanningar frå A til Å 

Dersom du ønsker å studere i utlandet finn du god oversikt og informasjon hos Ansa:

Sjølv om du gjør eit val nå, tyde ikkje det at dette er endeleg og avgjerande for kva du skal gjere resten av livet. Mange utdanningar gir deg fleire valmoglegheiter når det gjeld yrke, og du har gode moglegheiter til å bygge på fullført fagutdanning.

Lykke til!

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."