Artikkel:

Kva er realfag?

realfag.jpg

Passer realfag for meg?

Del 1 av "Passar realfag for meg?"

Realfag er ein samla nemning på fag som matematikk, biologi, fysikk, kjemi, geofag, informasjonsteknologi og astronomi.

Til lærer: Denne artikkelen høyrer saman med del 2 — Utdanningstesten og kan gjerast i same skoletime. De andre delane i "Passar realfag for meg?" trenger ein skoletime kvar.

Realfagleg utdanning

På ungdomsskolen heiter realfaga enten "matematikk" eller "naturfag", og du kan velje valfag som "teknologi i praksis" eller "forsking i praksis". Når du studerer ein eller fleire av desse fagretningane på eit universitet eller ein høgskole, får du ein realfagleg utdanning. Den raskaste vegen til ein utdanning i realfag får du ved å velje studiespesialisering med fordjuping i realfag på vidaregåande. Du kan også velje yrkesfag på vidaregåande, og likevel bli ingeniør etter kvart. 

Mange moglegheiter

Med realfag har du moglegheit til å studere og jobbe med alt frå menneske, helse og medisin til energi, miljø, robotikk eller romfart — for å nemne noko. Realfag byr på mange moglegheiter. Samtidig gir det moglegheit for å gjere det som er til det beste for deg og meg, samfunnet rundt oss og kloden vi bor på.

Fagområde i realfag: 
  • Matematikk
  • Fysikk
  • Kjemi
  • Biologi
  • Astronomi
  • Geofag
  • IT
"Passar realfag for meg?" : 

Sjå dei fire andre delane av Nasjonalt senter for realfagsrekrutterings´ opplegg for faget utdanningsval: