Artikkel:

Korleis slette eit treff frå ein søkemotor?

Her forklarer vi korleis du kan få vekk treff frå ein søkemotor.

Kva er ein søkemotor?

Søkemotorar er nettsider som kan brukast for å søke gjennom andre nettsider etter tekst, bilde, og anna innhald. Søkemotorane står ikkje sjølv for noko av innhaldet, de brukast berre til å søke gjennom det.

Denne teksten er skrevet av slettmeg.no.

Fjerne kjelda

Den beste og sikraste metoden for å få vekk eit treff frå søkemotorar, er ved å få innhaldet sletta frå kjeldesida, altså nettsida søkemotoren hentar innhaldet frå.

Det finst ikkje noko fasitsvar for korleis dette skal gjerast, fordi framgangsmåten er forskjellig frå side til side. Se etter ein passande rettleiing, eller prøv å komme i kontakt med de som driver sidan det er snakk om. Om du ikkje finn informasjonen du trenger sjølv, kan du kontakte slettmeg.no, men de vil da trenge konkret informasjon om sidene det er snakk om for å kunne hjelpe deg.

Retten til å bli gløymt

I 2014 kom EU-domstolen med "retten til å bli gløymt", som pålegg søkemotorane å tilby folk ein moglegheit til å få fjerna treff om seg sjølv, sjølv om kjelda til treffet framleis finst. Både Google og Bing har laget egne løysingar for dette:

Slik kan du skjule treff frå Google
Slik kan du skjule treff frå Bing

Noko som er sletta dukkar framleis opp

Dersom eit søketreff har ein død link, altså ein link som ikkje lenger leder til eksisterande innhald, kan man sende ein førespurnad til søkemotoren om å få den fjerna eller oppdatert.

Slik fjernar du utdaterte treff frå Google
Slik fjernar du utdaterte treff frå Bing

Dette gjelder for både tekstsøk og bildesøk.

Slette Google-konto: 

Denne rettleiinga gjelder for søkemotorar, deriblant Google. Om du ønsker å slette ein Google-konto, sjå denne rettleiinga: Slik sletter du ein Google-konto.