Artikkel:

Kor viktig er karakterane dine på vidaregåande?

Karakterane dine kan avgjere om du kjem inn på det studiet du ønsker på universitet eller høgskole.

Mange populære studiar har eit fast tal plassar. Dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar, vil dei med best karakterar få studieplass. Da er det skole- og konkurransepoenga dine som avgjer om du kjem inn.

Skolepoeng

Skolepoenga dine reknast ut frå karaktergjennomsnittet ditt frå vidaregåande opplæring, i tillegg til for eksempel realfagspoeng og språkpoeng.

Sjølv om du enda ikkje har begynt på vidaregåande opplæring, har vi nokre verktøy som kan gi deg ein peikepinn på kva for karakterar du må ha for å komme inn på utdanninga du ønsker å ta etter vidaregåande:

  • Karakterkalkulatoren hjelper deg til å regne ut poenga dine ut ifrå kva for fag du vel på vidaregåande.
  • Studieveljaren hjelper deg deretter til å sjekke kva for studiar du kan komme inn på, og kva for fag du trenger å ta på vidaregåande for å kunne søke på studiet du ønsker å ta.

Konkurransepoeng

Dersom du er eldre enn 21 år eller har endra på vitnemålet ditt etter at du vart ferdig på vidaregåande, for eksempel ved å ta ekstra fag, søkar du òg med konkurransepoeng. 

Les meir om poengberegning her.

Andre nyttige lenker: 
Studiepoeng: 

Studiepoeng er ikkje det same som skolepoeng. Studiepoeng er poenga du får ved å ta utdanning på universitet og høgskole. For eksempel gir eitt år med studiar på fulltid i høgare utdanning 60 studiepoeng. Skolepoeng er poenga du får ved å gå på vidaregåande skole.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."