Artikkel:

Kjønnsdelt arbeidsmarknad

Dei nordiske landa er blant verdas aller mest likestilte land. Men i val av utdanning og yrke er det svært store forskjellar mellom kvinner og menn.

Berre åtte prosent av norske sykepleiarar er menn. Dette viser at sjølv om fleire kvinner enn menn tar høgare utdanning no, er mykje framleis som før.

Sjå likestillingsstatistikken på utdanning.no

 

Vel tradisjonelt

Noreg har eit svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. Det vil seie at det i mange yrke er enten mange menn eller mange kvinner som er tilsett. Gutar og jenter tenkjer framleis tradisjonelt når dei skal velje utdanning og yrke.

Utdanning.no hadde i 2015 ei undersøking om unges utdannings- og yrkesval. Denne viser at jenter ønsker seg utdanning som gir jobb innan helse, omsorg, skole og barnehage, mens gutar ønsker utdanning som gir jobb innan data og IT, mekanikk, teknikk og elektronikk.

Her ser du eit eksempel på eit typisk kvinnedominert yrke, sjukepleiar. I 2015 var 92 % av norske sykepleiarar kvinner, mens 8 % var menn. 
 

Kvinner til mannsyrke

Likevel viser endringar i arbeidsmarknaden at fleire kvinner søkar seg til yrke kor det jobbar flest menn. Det er derimot få menn som vel yrke kor det jobbar flest kvinner. Og sjølv om det blir stadig fleire kvinnelege sjefar, er berre ein fjerdedel av toppsjefane i Noreg kvinner.

 

Store lønnsforskjellar

Ein  annan utfordring er at det er store forskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld lønn. I 2014 tente menn i snitt 167 700 kroner i året meir enn kvinner. Dette betyr at inntekta til kvinner er 14 prosent lågare enn menns inntekt. Noko av dette kan forklarast med at fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Det vil seie at dei jobbar færre timar per veke enn det som er vanleg.

Sjå lønnsstatistikken til lege på utdanning.no. Sjå under det kvite feltet. Hak av Vis tal for menn og kvinnerSer du forskjellen?

 

Mange jobbar deltid

For likestillingsforskjellen er størst når det kjem til deltidsarbeid. 35 prosent av norske kvinner jobbar deltid, mens berre 14 prosent av norske menn gjør det. Dersom du jobbar deltid kan det gjere det vanskelegare for deg å få ein spennande jobb, god lønn og god råd den dagen du skal pensjonere deg. Samtidig synest nokon at det er betre å jobbe deltid for å få betre tid til for eksempel studiar eller barn.

 

Kvinnedominans

Etter at fleire kvinner begynte å ta utdanning på universitet og høgskole, har lønnen til kvinner og menn blitt meir lik. Men i kommunar der kvinner tener mykje, tener menn ofte enda meir. Det vil seie at det framleis er stor forskjell i lønnen til kvinner og menn.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."