Artikkel:

Jobbintervju – slik får du jobben

Få tips til korleis du førebur deg til eit jobbintervju, og les kva for spørsmål som er vanlege å stille på eit intervju. 

Det finst mange ulike måtar å gjennomføre eit jobbintervju på. Som regel er dette eit intervju kor du har ein samtale med din arbeidsgivar.

Denne artikkelen er skrevet av ung.no
 

Vis interesse

Arbeidsgivar opnar og avsluttar intervjuet, og stiller spørsmål for å finne ut meir om deg, dine erfaringar og dine evner. Poenget med eit jobbintervju er å finne rett person til stillinga. Din oppgåve under intervjuet er å møte godt førebudd, vere vaken, tolmodig, hyggeleg og aktiv. Det er viktig å vise at du er interessert i å få jobben.

 

Før intervjuet: Møt førebudd

Når du skal møte arbeidsgivar i eit jobbintervju, er det viktig å vere godt førebudd. Her er nokre tips til korleis du kan førebu deg til intervjuet:

  • Finn fakta om bedrifta. Du skaper eit godt inntrykk overfor arbeidsgivar, samtidig som du følar deg sikrare under intervjuet.
  • Ta med deg søknad, CV og eventuelle arbeidsprøver. Da står du fram som ryddig og godt førebudd.
  • Finn ut kor intervjuet skal vere, helst dagen i førevegen. Da slipper du å komme for seint til intervjuet. Møt opp i god tid.
  • Klesval kjem an på kva for ein jobb du søker på, men det viktigaste er at du kler deg i noko du følar deg komfortabel i. Sørg for at kleda er reine.
  • Under eit jobbintervju vil du sannsynlegvis bli spurt om å beskrive deg sjølv, med både gode og dårlege sider. Ikkje vær redd for å skryte av deg sjølv, men ikkje la det bli for mykje av det gode heller. Vær sikker på deg sjølv.

 

Under intervjuet: Svar utfyllande

Som regel startar jobbintervjuet med at arbeidsgivar informerer om jobben og om firmaet. Deretter vil du ofte bli spurt om utdanninga di, praksis, erfaring og personlege eigenskapar. Ein arbeidsgivar er ofte interessert i kvifor du søkte på jobben, kva du kan bidra med i bedrifta, korleis du er som person, med både gode og dårlege sider, og kva du har gjort tidlegare.

Det er helt greitt å vere nervøs, og det er noko dei på andre sida av bordet òg skjønner. Prøv likevel så godt du kan å svare på spørsmåla du får i fulle setningar, og ikkje berre "veit ikkje" eller "ja/nei". Prat tydeleg og ha blikkontakt med intervjuar (e). Husk å knytte svara dine opp mot jobben du har søkt. Vis arbeidsgivar at du verkeleg er motivert og har mykje å bidra med!

På nettsidene til Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo kan du lese meir om både intervjuet og heile prosessen rundt jobbsøkinga. 

 

Etter intervjuet: Still spørsmål

Etter nokre dagar får du som regel ein telefon eller eit skriftleg svar på om du har fått jobben eller ikkje. Om du ikkje har fått jobben, kan det vere lurt å spørje kvifor, slik at du kan vite om det er noko du kan huske på til neste gong du skal i eit intervju. Du kan òg be arbeidsgivar om å huske på deg dersom dei har behov for fleire tilsette ein annan gang, eller om dei har behov for ekstrahjelp.

Lykke til!

Vanlege spørsmål under jobbintervju: 
  • Kvifor har du søkt jobben?
  • Kvifor bør vi tilsetje akkurat deg?
  • Kva kan du bidra med i vår bedrift?
  • Kvifor valde du valfaget du har tatt?
  • Kvifor slutta du i din førre jobb?
  • Korleis kan du bruke ting du kan frå før av i denne jobben?
  • Liker du best å jobbe åleine eller saman med andre?
  • Kva for arbeidsoppgåver liker du best?
  • Kva for arbeidsoppgåver liker du minst?
  • Nemn tre sterke sider ved deg sjølv.
  • Nemn tre svake sider ved deg sjølv.
  • Korleis taklar du stress?
  • Kva gjør deg sint?
  • Kva gjør du om fem år?
Ordforklaringar: 
  • Arbeidsgivar: Sjefen på arbeidsplassen. 
  • Arbeidsplass: Staden arbeidstakar jobbar.
  • Arbeidsprøver: Om du f.eks. søker jobb i ein avis er dette gjerne tekstar du har skrevet eller bilete du har tatt.
  • Arbeidstakar: Same som tilsett.
  • Bedrift: Her: Same som arbeidsplass.
  • Ekstrahjelp: Tilsett, ofte med liten stilling som gjerne jobbar ekstra i travle periodar.