Artikkel:

Folkehøgskole

Kva kan du lære på ein folkehøgskole?

Folkehøgskole er skole der man bor på skolen og lærer gjennom å gjere det man skal lære.

Les meir om folkehøgskole her

Kva for folkehøgskolar finst?

Det finst cirka 80 folkehøgskolar for ungdom med over 500 linjer og over 70 ulike fag. Faga du kan velje er blant anna innan:

Valet er ditt og du veljar gjerne det du er mest interessert i. Folkehøgskolar finst over hele landet i Noreg, frå Alta i nord til Søgne i sør. Nokre skolar ligg i byar, andre i distrikt.

Kva er aldersgrensa?

Dei aller fleste folkehøgskolane har 18-års aldersgrense. Nokre skolar tar inn elevar frå 16 år og oppover. Dei fleste veljar likevel å vente til etter vidaregåande opplæring. 

Du kan sjå oversikt over skolar og aldersgrenser på folkehogskole.no.

Kva får eg etterpå?

Når du har fullført året får du eit vitnemål som forklarer kva for fag du har tatt. Du får òg poeng som kan komme godt med dersom du skal søke på universitet og høgskolar.

Kva kostar det?

Gjennomsnittspris for eitt år på folkehøgskole er kr 110 100. Dei rimelegaste linjene kostar cirka kr 80 000, mens dei dyraste kostar cirka kr 155 000. Du kan få støtte fra Lånekassen når du går på folkehøgskole.

Les meir om pris, lån og stipend på folkehogskole.no.

Søknad og opptak

Opptak til folkehøgskolar startar 1. februar. Skolane behandlar søknadene fortløpande. Det vil si at du òg kan søke etter den 1. februar. Men du bør søke så tidleg som mogleg. Da er sjansen for å få plass større.

Dei fleste folkehøgskolane krev ikkje meir enn at du er motivert for eit år på folkehøgskole og sender inn ein søknad. Nokre skolar har òg opptakskrav dersom de har fag som krev eit visst ferdigheitsnivå. Dette finn du informasjon om på folkehøgskolens nettside.

Kor finn eg meir informasjon?

Om du lurer på noko om folkehøgskole kan du snakke med rådgivaren på skolen din eller ta kontakt med den skolen du ønsker å begynne på. Du finn ei oversikt over folkehøgskolar på utdanning.no, og her kan du sende dei spørsmål.

Eksamensfri internatskole: 

Folkehøgskolar er eksamensfrie internatskolar. 

  • At den er eksamensfri betyr at du verken har prøver eller får karakterar i løpet av skoleåret. I staden er det fokus på at du i tillegg til å lære fag du er interessert i, skal lære å jobbe med andre og lære om deg sjølv. 
  • Internatskole vil seie at du søv og et på skolen mens du går der.
Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."