Artikkel:

Ditt val – nå og i framtida

Vala du tar nå vil påverke framtida di, men du vil òg kunne ta nye val seinare.

Vi menneske lærer noko nytt gjennom hele livet. Dette kallast for livslang læringNokre gonger lærer vi utan at vi eigentleg tenker så mykje over det. Det kan for eksempel vere at vi melder oss på handballaget eller jobbar frivillig i ein organisasjon. 

 

Val kan opplevast som vanskelege

Andre gonger lærer vi ”med vilje”, som for eksempel når vi veljar kva for eit utdanningsprogram vi skal ta på vidaregåande. Snart skal du ta dette valet. Kanskje følar du deg veldig sikker på kva du skal velje. Kanskje trenger du enda litt tid før du klarer å bestemme deg. Uansett kan det fort opplevast som eit av dei største og viktigaste vala du skal ta i livet ditt.
 

Det vil i kvart fall fort følast slik når du skal velje kva du skal gjere etter at du er ferdig på vidaregåande. Skal du begynne rett i jobb? Dette er vanleg dersom du har tatt yrkesfagleg utdanningsprogram og blitt for eksempel tømrar. Om du har tatt eit studieførebuande utdanningsprogram, ønskjer du mest sannsynleg å studere på universitet og høgskole. Men kva skal du studere?

 

Påverkar  framtida

Val av utdanningsprogram på vidaregåande påverkar kva for valmoglegheiter du har etter at du har fullført utdanninga. Derfor er det viktig å sette seg inn i kva vala dine inneber.

Kunnskapen og erfaringane du skaffar deg gjennom utdanning, lønsnett eller ulønt arbeid og fritidsaktivitetar, kan òg vere med på å påverke kva for moglegheiter for arbeid du får seinare. 

 

Det er vanleg å ombestemme seg

Det kan opplevast som slitsamt å ha mange valmoglegheiter. Det positive er at du stort sett får moglegheita til å velje på nytt dersom du ikkje skulle velje riktig første gang. For eksempel kan det vere mogleg å bytte utdanningsprogram dersom du startar på noko du likevel ikkje trivast med på vidaregåande. 

Dersom du ikkje trivst i jobben din eller med det du er utdanna som, kan du studere meir og kanskje ende opp med ein heilt annan jobb enn den du opphavleg hadde. Spør foreldra dine, tanter og onklar om de jobbar med det dei studerte da dei var yngre. Sannsynlegvis vil du oppdage at fleire av dei ikkje nødvendigvis jobbar med det dei tok utdanning innanfor. Dei har gjerne hatt fleire ulike jobbar opp gjennom åra. 

 

Tenk langt framover

Du vil spare tid og pengar dersom du veljar riktig frå byrjinga av. Å velje jobb og utdanning er på mange måtar som å stå på slalåm i eit nytt skisenter. Se for deg at du står på toppen av det store skisenteret. Først sjekkar du løypekartet. Kva for valmoglegheiter har du? Kva slags bakke føretrekkjer du? Kor hamnar du om du veljar bakken du trur passar for deg? 

Når du har valt deg ut ei løype, må du likevel halde auga opne og sjå framover. Plutseleg kjem det fleire andre løyper på kryss og tvers som gir deg nye valmoglegheiter. Ofte er det fleire vegar til målet ditt. 

Dette betyr livslang læring: 

Du blir eigentleg aldri ferdig utlært, sjølv som voksen. Ofte tar du kurs gjennom jobben, eller kanskje du vil bytte jobb og må ta ei ny utdanning? Heile livet lærer vi noko nytt. Dette kallast livslang læring.

Tips: 

Sjå framover og bli kjent med dei ulike valmoglegheitene du har.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."