Artikkel:

Digital deltaking vs. digital kompetanse

Å kunne laste ned ein app og å kunne skru på ein datamaskin viser digital deltaking. Men er du digitalt kompetent?

Digital kompetanse er et sett av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Å kunne laste ned ein app, skru på ein datamaskin, opprette ein Instagram-konto, vere god i dataspel eller handtere et nettbrett viser at du deltar i den digitale verda, og har digitale ferdigheiter.

Diskuter i par: Kva er dine digitale ferdigheiter? Kva er du flink til, og kva kan du lære meir om?

Digital innfødt

Du som er ung i dag kan sikkert skrive på et tastatur utan å sjå på fingrane dine, og du laster sikkert ned appar og redigerer bilete like lett som du knyter skolissene dine. Du er ein såkalla "digital innfødt", altså har du vore vant til å bruke teknologi og digitale verktøy helt sidan du var liten. 

Ein dag om ikkje lenge konkurrerer du i et arbeidsmarknad med folk som aldri rørte digitale verktøy da de gjekk på skolen. Det du regner som ein sjølvfølgje når det gjeld programvare, kommunikasjon og søkeferdigheiter, har disse fokkene vore nøydde til å lære sjølv i voksen alder. Som å laste ned appar, bruke sosiale medium og google.

Grunnleggjande ferdigheiter

Du, som digital innfødt, slår de som ikkje kan dette. Og det er kanskje lett å tenke at du har fått et fortrinn, du som lærte dette som ein del av oppveksten og skolegangen din. Men faktum er at det begynner å bli veldig få i arbeidsmarknaden som ikkje kan dette. Dette er nå å anse som helt grunnleggjande ferdigheiter.

Du er ein digital deltakar, men digital kompetanse kjem ikkje av seg sjølv. Du må øve deg på å teikne for å bli god til det, og på same måte må du øve deg på å bruke teknologien for å bli god til det, uansett om det du ønsker å bli god på er å lage kule Instastories eller programmering. Det er fullt mogleg å vere kjempegod i Fortnite, World of Warcraft eller Minecraft, men ikkje kunne sette opp et rekneark i Excel eller bruke LinkedIn til å finne ein jobb. 

Diskuter i klassen: Kva for digitale ferdigheiter har du som kan vere verdt å putte på CV-en din? Kva bør du øve deg på?

 

    Les meir: 
    Kva kompetanse betyr: 
    • Kompetanse eller å vere kompetent betyr at er du er kvalifisert til noko, kva for ein dugleik du har til noko, å kunne noko eller å vere i stand til. Det kan også ha andre, meir spesifikke, betydningar. Kilde: Fritt etter Wikipedia
    Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."