Artikkel:

Andre vegar til høgare utdanning

Dersom du vil studere på universitet eller høgskole må du ha studiekompetanse. Det finst mange moglegheiter for å få studiekompetanse. 

Den vanlegaste måten å få studiekompetanse på er å ha fullført og bestått eit studieførebuande utdanningsprogramHer er ei oversikt som viser andre vegar inn til høgare utdanning.

 

Påbygging til generell studiekompetanse

Dersom du går yrkesfag og ønsker å studere på universitet eller høgskole, kan du velje  påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fullført andre året på vidaregåande opplæring. Nokre fylke lar deg også gjere dette etter at du har fullført hele det yrkesfaglege utdanningsprogrammet.

Påbygging gir deg dei faga du manglar for å få studiekompetanse. Det krev mykje teori og lesing på fellesfaga, som for eksempel norsk. Mange stryk, så du bør vere motivert dersom du bestemmer deg for å begynne på påbygging. 

 

Y-vegen

Dersom du først tar yrkesfag og så utdanning via Y-vegen på universitet og høgskole, vil du kunne ha større sjanse for å få jobb. Da har du både praktiske erfaringar og teoretisk kunnskap, noko som kan skilje deg ut frå dei andre som søker på jobben.

Les meir om Y-vegen her.

 

Realkompetanse

Dersom du ikkje har fullført vidaregåande opplæring, kan du søke høgare utdanning ved å sende inn papir på kunnskap og erfaringar du har skaffa deg gjennom

•  utdanning
•  lønsnett arbeid
•  frivillig arbeid
•  organisasjonsarbeid
•  eller fritidsaktivitetar

via det som kallast realkompetanseLes meir om realkompetanse her. 

 

23/5-regelen

Du kan ta høgare utdanning gjennom 23/5-regelen, dersom du:

  • er 23 år eller meir
  • har jobba eller tatt utdanning i minst fem år
  • har fullført og bestått de seks studiekompetansefaga 

Les meir om 23/5-regelen her.

NB: 

Realkompetanse og realfagskompetanse er ikkje det same. Realfagskompetanse handlar om kva for realfag du har tatt på vidaregåande.

Kom inn på grunn av 23/5-regelen: 

André Askeland har skrevet eit blogginnlegg til deg som er dødsens umotivert og vil slutte på skolen. Her kan du gjere ein oppgåve om innlegget.

Tekstlig innhold i dette verk er lisensiert under Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Lisensen gjelder ikke øvrig innhold. Dersom du benytter innhold fra artikkelen ber vi om at endringer og tillegg merkes, og at du henviser til kilden på følgende måte: "Artikkelen er basert på åpne data fra utdanning.no og er underlagt Norsk lisens for offentlige data (NLOD). Teksten vedlikeholdes på min.utdanning.no/utdanningsvalg."